Artikkelen til Inger-Mari Eidsvik i NAPHA (Nasjonalt kompetansesenter for psykisk helsearbeid) fortjener å leses vidt og bredt.

Her skriver hun bl.a.

Må unngå å påføre den nye generasjonen traumar
Mine erfaringar med ein rigid, for sale biomedisinsk psykiatri har ført til at eg har bestemt meg for å formidle mitt syn. Ikkje minst engasjerer det meg å tenkje på det regimet dei unge pasientane møter. I 1988, ved min første innlegging, opplevde eg tvang, tvangsmedisinering og isolasjon. Dette opplevde eg igjen ved siste innlegging i 2014, 26 år seinare.

Det som er vanskelig å leve med er at det gjorde også dei unge som var innlagt samstundes som meg i 2014: Tvang, isolasjon, beltelegging og ECT. Det var kanskje meir av dette i 2014 enn det eg opplevde i 1988. Eg er traumatisert av den behandlinga eg har møtt, men må psykiatrien påføre traume til ein ny generasjon? Har vi ikkje kome lenger?

Eg vil rope så høgt eg kan til hjelp for dei unge som i dag kjem i krise. Dei klarer ikkje å kjempe, dei har nok med å overleve. Vi må gi dei eit alternativ.

Takk, Inger-Mari.

Related Post

Leave us a reply

*

*